fredag 14. august 2009

Hes


For første gong sidan hesstrengen kom til gards, vart det denne sommaren ikkje sett opp hes!
Synd og skam sjølvsagt, men latskap og kinesartraktor i kombinasjon, gjorde at beitepuss opp og i mente vart løysinga. Og den som ikkje hesjar, kan til dømes klatre i midnattssol....

For nostalgien sin del, eit aldri så lite hesdikt;



raslelydane frå hagehesa

framande saharaord med sønnavinden

varme luftstraumar på leit

etter tørre struper

håse h-ar


som mørkhuda blues i

brun femtitalsradio

-hush!- hush!

-somebody`s calling your name!


luktsterke blåtonar

humlesurr

øltørste

død

og haustens får i kål


hengde på seks strengars

notelinjer


for poeten

musikaren

og alle som ikkje trur


på evergreens




Mur


Eg har støypt siste dagane.
Slikt gjer ein for å stengje noko ute eller inne, og kan sjølvsagt lukkast med det.
Eit er visst; Det er eit fole arbeid uansett, og aller mest når ein lagar mur i historie,, som til dømes i eit gammalt hus med fyllmasse rundt. (Omlag som om tannlegen skulle setje i gong med gammal karies, medan du framleis har mat i kjeften. Han ville ikkje ha likt det!)
Men mur vart det såpass at hushjørnet held i mange år enno, og katten (kattane?) er forvirra.

Generelt vil eg likevel oppmode til å rive ned murar, sjølv om ein akkurat i desse tider bør armere og fylle med betong og innebygde oljevernremedier. Eg snakkar om mental mur mot visse politiske idear her.

Vi burde filleriste og skamkjefte på eit stort Arbeiderparti og love dei stemmer under føresetnad av at dei berre sakte og roleg og med halen mellom dei skitne oljesålane sine, innstiller seg på retrett i Lofoten og Vesterålen. Skulle i enno verre fall og mot formodning Siv Jensen vinne valet kan vi like godt plombere kjellaren og flytte herifrå. For etterkomarane våre sin del.
Så finn fram betongblandaren folkens. det handlar vel strengt tatt om grunnmuren i "det norske hus"...?

Eg slengjer ved eit ferskt julibilete frå sydlege delen av det nye oljefeltet til "skitnekapitalistane"

mandag 2. mars 2009

Mars



Ein skriv mars. I fullt alvor å kalle det vårmånad er å strekkje det.... 
-men likevel!  Lyset er på veg nedetter fjellsidene!
Her eit seinfebruarbilete av Sætretindane i Ørsta, og ein vårprega tekst:

( bølgje )

 

tolvhundremeterstinden

sitt skråblikk på mørketida

 

vestvend dominans av

gullkanta blåbølgjer

bryt med kuldekonvensjonane

 

vårlyset nedanfrå som stigande foss

mot brestande krytallbindingar

i breen

 

vårlyden høgfrekvent

i det skarpe kvite

brånande

 

mellomtonen inn som elvemulling

desibel

for bel

 

det mattare lyset frå fonnene

dubba

til den lange bølgjelenga

 

eit tungt dynn

av liv

Referanse


Uri Caine. Musikalsk geni? Referanse i original kreativitet!

Goldbergvariasjonane av Johann Sebastian Bach finn ein umåteleg med variasjonar av.
Noko er referanseinnspelingar og andre er referansar til originalitet sånn generelt.
Uri Caine  har gitt ut ein fantastisk dobbeltCD på winter&winter, Denne sorterar under sistnemnde kategori  i galskap og påfunn. For meg er den i ferd med å bli referanse over alle referansar når det gjeld spenvidde og original galskap innanfor eit og samme tema. 74 spor komponert improvisasjonsmusikk med jazzpreg, som har alt frå hip hop , via electronica, til  tango, samba, salsa, funk , ulike jazzstilar og negro spirituals, forutan barokkinstrumentering og korarrangement.  Bach rubb og stubb!
Når eg skjønar alt på denne er eg langt komen i mi musikalske danningsreise....


lørdag 28. februar 2009

Kinamann


Ein liten raud Kinatraktor har eg no bede om pristilbod på. 
Jinma 254 med 25 HK skulle passe bra... 
Noko må ein no dyrke, og islam ser ut til å vente på seg....

..........Snik?


snikislamist på lode bønneteppe?

No har eg etter klåre åtvaringar frå Siv halde utkikk etter islam sine misjonærar i fleire dagar.
Dei hadde rett nok dårleg ver tidleg i veka og prioriterte nok austlandet i so måte, men dei siste dagane hadde dei hatt godt trakk her på Lea om dei ville oss noko.
Problemet er at eg ikkje har sett ein einaste burka, hijab, imam, ...eller kebab om du vil, på desse traktene. Det gjeld faktisk for heile mitt førtiårige liv, og ikkje berre den siste snikislamiseringsbolken.   Men halde utkikk har eg, det skal vere visst. Kven vågar anna etter slike utspel.?

Siste dagane har det falle snø. Det er ei lette på det viset at også muslimar set spor. Men altså nei. Ikke ein sandalsåle å sjå på den uskuldsreine kvite flata!  Spor ser eg sjølvagt innimllom, men eg er 99 prosent sikker på at eg skil kattespor frå snikislamistane sine. 

Eg stokk sjølvsagt til her i formiddag då det remja gudsjammerleg utfor nova. Etter nitid korsing og sjekk av tilstanden, viste det seg å vere han Saddam gråkatt frå det meir kjende nabolaget som hadde freista omvende hokatten vår til  å snu visse kroppsdelar bort frå Mekka og alt anna heilagt. Ikkje særleg farleg slik sett. Ikkje særleg religiøst heller. Ein serie ul frå skogen i kveld var og falsk alarm. Kattugla lar seg ikkje forveksle med bøneropa frå minaretane. 

Så no veit eg ikkje. Om ikkje kattane våre har ein agenda som eg ikkje kjenner til, og om det ikkje er småskummelt å vende skituppen mot Mekka når eg skal nyte laussnøen på lesida av Roalden, har eg ei kjensle av at snikane er noko på etterskot her hos oss. Eller er eg så snikislamisert at eg ikkje ser kva som skjer meg? Eg såg ein framand bil køyre framover i forgårs....


tirsdag 24. februar 2009

såg du noke te kjerringa mi...


langt opp i lia, i lia?
såg du noke te kjerringa mi , langt oppi lia, i lia?
sva-a-a-art hatt, hø-ø-ø-øg fart!!!
og noke lite låghalt..
sann!

Reknar ikkje med å sjå noko att av ho når ho no får bindingar på desse, og laussnøen kjem...!!

torsdag 19. februar 2009

Utopia


Har oppdaga eit nytt festleg band;....
Ibrahim Electric
Trio med orgel, rockegitar og trommis med diagnose
På albumet Brothers of Utopia møtest rockabilly og jazz på ein måte som berre er oppmuntrande..... For ordens skuld; bandet er dansk!

Utan samanheng forøvrig; Eit utopisk vakkert bilete av menneske tilstades i eige tilvere er herved vedlagt

alpint vakum


Det kan alltids skuldast på regnver, og at vinterferien sine innkøyringsdagar manglar på kalendaren i år. Og at eg ikkje ofrar skia på asfalten i sentrum, Likevel .Eg lyt lyfte fram den fremste sanninga; Knea er for skralt trente! Så alperittet får gå utan meg denne gongen...og!
Alpinvakumet vert kanskje  likevel etterfylt med forhold som på biletet når no regnbygene ser ut til å gå over i snø...

( vakum )

 

vindlaus vinterdag

stilla i fjellet

som vakum i tida

 

kva taktart har stunda

 

whiteout

over dampande termoskopp

notelinjefritt

tilveret sitt blankaste ark

 

undringa sin melodi er

rytmelaus

 

alt utviska

 


søndag 8. februar 2009

kjøle vårleg


kan ein på ein måte seie at det var i solskinet oppi løypene i dag, i alle fall om ein er romsdaling, noko eg då ikkje er. Så eg får innerskimjukt understreke kjøleg, men legge mest vekt på skia med ytterskjeret, den som er solvendt og blenkjer i lysskjeret...!  når ein sler nedpå stein varslar det og at våren er svakt i anmarsj.  Snart fossar det ned fjellsidene, akkurat slik som ein søkjer å gjere på ski.  Må berre få eit par skikkelege snøfall først, ei vinterleg bakevje såpass vi får leika litt i laussnøen denne vinteren og. Skal det bli alperitt må det snart skje noko på verfronten...  Enn så lenge får ein gle seg over det vårlege preget i kuldegradene og tenkje annan temperatur og anna lys.

( elv )

 

 

fossen

 

berre ein flanør i kvit dress

 

han frøser

briskar seg

men frelser ikkje

 

tida går i sirkel

 

det er bakevja

som er

søndag 1. februar 2009

Sol!


Det blenkja godt oppi løypene i dag.
Gnistrande skarpt føre var det og.
Snakk om å bu på rett stad til rett årstid!



( lys )

 

 

den 14. januar

 

den flate lysstripa i skaret

mellom Rustemarkane og Kvitegga

vinteren borte ein halv time

 

seinhausten sitt støv

brått synleg i vindaugkarmen

varmen fram frå fargen

på veggane

 

 

muskelvarme innanfrå som kjenslerøynsle

lukta av nysaga småskog

og handssveitte i arbeidshanskane

som minnespor

 

motorsagd

solstrålefarga og

oreoransje

 

i vårdelen av hjernen

 

i løynd ser du etter knupp

på selja

 

fredag 23. januar 2009

Vinter?


Det er liksom ikkje heilt som det skal med denne vinteren.
Og når ein i tillegg pådreg seg biholetrøbbel i månadsvis og influensa før helga vert det så som så med treningsgrunnlaget for skibakken...

ein skiinspirert tekst for å bøte på:




( premiss )


 

i utgangen

 av den tolvte telemarksvingen

 

i inngangen til øvste

bjørkekjerret 

tørrsnøen bretta tilsides

eksploderar  lik stjerne i undergang

 

fjellrypevengen flaksar

mellom stålkantane

og opp

 

snøkrystallklar overgang til erkjenning

 

å vere

a priori

 

første premiss

 

 

tirsdag 13. januar 2009

Leik


For å heidre den no avdøde Arne Næss, og som eit bidrag til å halde leiken vedlike i blant oss; eit bilete av Ulstein sin fremste inkarnasjon av homo ludens, -roar, klatrar og surfar, Tommy Skeide.

I morgon


-men ikkje i dag.... 
Det er meldt godver i form av nordavind . Heldigvis! I dag er det regndropane og mildveret som definerar gikta og aktivitetsnivået. Frå Berget blir det rapportert om lengt etter snø, sol, ski, og kanskje ei taulengd klatring etterkvart....?

Her frå Muleneset, Nerlandsøy, våren 1999.



( morgon )

 

 

 

i morgon

 

ein blant millionar

ustødige småstein

 

dagane dannar ørken

alltid uvitande  oss

 

 

 

improvisatoren sler an tonen

dei ubudde bodne opp

i teltopninga

ved gry

 

er aldri

i arrangøren sin planlause tanke

 

ukjend rytme

definerar dansen

alltid noko nytt usynleg

 

snublefarleg

 

lyset over ørkenen

på og av som sneglepuls

 

 

 

 

vi vil oss stødig grunnfjell

blind tru på granitt

 

sandstein som neiord

eit porøst rykte

ei aning

 

fribillettane delte ut

i natt

 

ørkenvandringa stein imellom

alle frå sin by

 

billettluka

 

 

lørdag 10. januar 2009

Tind Tid Død

I enkelte perspektiv  skjønar ein at å bruke den korte tida ein har på krig, rett og slett er frykteleg sløsing og død i seg sjølv.

At biletet her har fargane til det israelske flagget, skulle vise at ingen har einerett på dei fargane heller!





( tind )

 

tomromstrugande

 

newtonfornektande

svart peikefingertrass

 

minerala sin vertikale

desperasjon

 

prega av tida si fangedrakt

prydd av breen sitt

frosne lodd

 

midlertidige meter over

brot og båre

 

bråne

falle

urd

 

 

almanakken viser

dagar for peneplan

grus

 

sandstrender



torsdag 1. januar 2009

2009


Jula kvarv og nyåret kom
på ny.
Merkeleg kor fort ting vert vane, endå så flyktige vi er.
At universet er fire milliardar år er svært vanskeleg å ta inn over seg.
Litt grunnfjell til ettertanke....

Og godt nytt år!




( tidsfnugg )

 

 

karbon og
nokreogtjue andre  

grunnstoff

 

universet som krummar seg om seg sjølv
tida si fosterstilling

 

vi vil skrike oss ut

av tida

men har ikkje tid nok

skriket i oppløysing i sjølve fostervatnet

 

medvitet diffunderar med kjøtet

over tida sin membran

 

alt vi veit

er songen som var

augneblinken

av lukke

lått

kjærleik

 

til vissa;

ein lyseraud navlestreng

av håp

 

vona om at songen  er

det siste av oss

som fer

med vinden

 

slik siglar vi

vidare

som vilkårlege romfararar

som karbonberarar

som diamantar

som dans

som snø

som is

 

som tidsfnugg