onsdag 24. desember 2008

God jul!













Jul i Nordfjord!
Snølaust på Sandane.
Her er julebukkar på sommarbeite
i Brenndalen Olden i 1996

God jul!

onsdag 17. desember 2008

Brann


-brann i celler.... 
Om hausten kan vere aldri så vakker, vil han alltid vere døden si årstid.
Tilinkjegjering er og natur, og som biletet viser; -død kan og vere lys....

Snart snur forresten sola!






( kviskring)

 

spraklinga frå nyopna ølflasker

regndropar mot daudt lauv

ein haustkveld

knitringa frå bluesplater

og peiseld

i tømmerhytter

 

kviskrar kontinuerleg

 

om brann i celler

ende på forhold

beger som skal tømast

og vårdagen derpå

som berre kanskje  

kjem

 

søndag 14. desember 2008

Kuldesjokk













Gjekk og såg etter ei høveleg gran til innepynt i jula, og vart var at eit røyr oppi tverrveita hadde gått seg tett og leia vatnet innpå vegen.
Måtte nedi til midt på overarma for å reinse opp, og meiner at tanken på eit bad inni dette biletet kan illustrere kjensla.

Auuuuu!!!

Lucia

"Overalt dette underlege lyset"















( pause   )

 

der jord og himmel

møtest

stikk eit nes

nasen i det heile

og preikar

 

pause

 

tid

for å sjå seg litt om

før alt igjen

blir eitt

 

overalt

dette underlege

 

lyset



lørdag 13. desember 2008

Sommarbilete

Heile tida driv det eitkvart forbi oss. Mykje vil alltid forbli uklart.





ved straumen

(naturstemning)

 

 

om det sym

storfisk her

i tankestraumen

er han ikkje lett å fange

 

eg freistar

binde meg ei tørrfluge

i løkkeskrift

 

og ser

etter vak

i blekkstilla


torsdag 11. desember 2008

Å leve eit liv


Stor heading...?  Kanskje. Det er i alle fall ein av dei dagane der ein skulle ønskje at ein kunne hoppe av karusellen. Vi har berre eit liv, og dei fleste brukar unødig med tid på andre ting medan ein drøymer om denne vågen  til Olav H Hauge.... den som som ein skulle segla inn på og som ein vona men ikkje visste fannst... 

Sjølvrealisering...? Blir det noko meir enn ein floskel for ei fleste?

(eksistens)


vi er den vi drøymer

men lever ein ukjend

vi undrar om vi likar

 

kvar gong vi får auge på han,

lurer vi på oss sjølve

i dette landskapet

vi ikkje kjenner frå

draumen

 

ser etter

og finn oss sjølve

i framand ham

blant framande

drøymande

om å vere

 

flyktar inn att

i det trygge

ukjende

 

 

onsdag 10. desember 2008

Poetisk praksis

Det finnst så mangt av poesi, både av innhald og sjanger...
Kva haiku skal handle om, synest eg gir seg sjølv:

(Hai Ku)

Blodraud brenning
Ein stor fisk

Eit fe har falle i vatnet

tirsdag 9. desember 2008

Til fjells


Det er til fjells hugen går når det no dryssar seg kvitt.
Mange turar passerar denne:



( fjellbjørk )

 

ho eig ikkje mykje

fjellbjørka

der ho står

på naken rabb

 

åleine

og verjelaus

lita og krokut

herda i sol, i snødriv og rok

 

annleis

enn dei i klyngja i lesida

fattig og lutra

men stolt

 

ho er den vakraste

minna frå fjellet

fortel;

det var henne eg såg

mandag 8. desember 2008

62 grader nord

Det er ikkje akkurat normalen lengre å bu på småbruk i grisgrendte strok. Under snømåkinga på vinteren kan dette bli særleg påfallende.

-Men alltid er der eit men;
Ein skal oppleve ein viss kulde for å vite kva varme er, ha snust litt på døden for å elske livet, ha vassa i snø for å kjenne att lukta av vår frå lyngtuene, ha smakt pietistisk bedehuskaffi for å verdsette ein espresso.

I mi røynsle har distrikta ofte både dei minst og dei mest kosmopolitisk orienterte menneska. Herlege paradoks dette!

( Koordinat )


Det lunkne

nullpunktet

er frysepunktet

der lite møtest og alt

skil lag


Ein ser det

krystallklart

frå alle stadar og alle

stjerneteikn

på minussida og under

isen sin blanke spegel


Som nedfelt unormal

skeivt fastfrosen

i ubalanse

tretti grader til venstre

for origo

veit ein mykje

som vekstkurvene ikkje

fortel


Det kan verte

eit pluss

lørdag 6. desember 2008

Lysresonans?














Det er som tidlegare nemnt lys å skimte også i mørkaste vinter. Møtet mellom 12 kuldegrader og Jan Garbarek sin sopransaksofon ved brennande bjørkeved hin dagen, resulterte i dette;

(Resonans)

 

rommet

 

den krumma klangen

frå konisk iskaldt

metall

 

som aning om

kjærleik

tilstades i universum:

 

munnstykket sin mjuke

varme tilført

 tonane

 

resonnans av noko anna

i den høglytte

største stilla

Eksponert


Det er denne tida . Eksponert for kulde og lågt lys frå ei sol som senkjer seg ned i skara.  Verda vert blå i eit par månader.

Det er då ein skulle ha hatt eit kamera. Det hadde eg og, fram til digitaltida fortrengde heile teknologien og hindra bruken på grunn av økonomien.  

Nikon FM frå 1980 kunne eg bruke som hammar, steikespade og isbor, og likevel ta bilete med det etterpå. No er det for dyrt i bruk. Finst det eit digitalkamera på denne sida av 100 000 som virkar etter eit par vinterfjelldagar i 15 minus?

Jaja...som trøyst får ein scanne svunne augneblinkar. Her er nokre slike





tirsdag 2. desember 2008

Rom

Det er ver til å ense stjernehimmelen og det ytre rom.
Sjølv vert eg svimmel av perspektiva.
At det vert gneistrande kaldt under slike forhold opnar og skremande perspektiv på kor skjørt det heile er.... og tekstane i skrivebordsskuffa har sjølvsagt vore bortpå emnet:



( undervisning friluftsliv )

 

 

vintergeometri

 

trehundrede og seksti

grader skilnad

frå kokegrop til kuldegrop

diabolsk skalasprang

 

delt på ti og avrunda:

den ytre kroppstemperaturen

-metabolsk brøk

 

halvert;

teltkuppelen

eller den stigande halvmånen

-astronomisk passar

 

undervegs mot

halvsirkel og tangent i horisont;

blybleikt skispor

frå toppen av

-tinden sin peikestokk

 

døgn og år tilstades

på den grøne tavla

 

Orion i lagerfrakk

ovanfor;

-kva har vi så

lært?

Fonn

Det var fonnene som prega overskriftene her i bygda i forrige veke.
Vi er visst verst i nordvest her i kommunen. Farleg å vere Strandar altså....?

Nok ein gong dukka ein gammal tekst fram frå ei skuff:


fonnefar

 

 

når raset har rive bort

  det du sette høgst

    og redsla for

     nye fonner

      gneg på

       restane

 

           vil

         sol nå

      ned mellom

     svarte stup og

    saman med vårvatn

  gje stor grøde i raskjegla

 

 

søndag 30. november 2008

Kunnskap

Kunnskap er så mangt. 
Eit tilsynelatande sterkt lærarlag med underteikna som deltakar, gjorde det svært svakt på den lokale kulturhusquizen sist fredag. Og fleire lag med lærarar kom endåtil etter oss på resultatlista. "Trøysta" får vere at kollegaer gjorde det bra med ein sterk andreplass.
Sjølv er eg i tenkjeboksen for å sjå om danningsbegrepet mitt krev revurdering og oppdatering.
Eigentleg trur eg ikkje det. 


Når det gjeld bokleg lærdom, har eg retta elevtekstar og derpå funne fram denne tidlegare produserte teksten til ettertanke ;

Bokstav


Stavsprang i bok

er ein gjevande idrott

Mangesidig

 

Stav er til støtte 

eller hinder

 

Bok og!

 

fredag 28. november 2008

Heildagsprøve

Denne teksten er nokre år, men dukka oppatt i medvitet då elevane sleit seg gjennom heildagsprøva i engelsk i dag. 

(Heildagsprøve)

 

Prøv sjølv;

ein heil dags

tastaturdur

rimord; tortur

motorisk migrene

lyden av førtifire knastrande

fingrar og knask

drops droppa

lineoleumslangs

snyteduk

harkande snørrstemning

 

Prøve;

av prov -bevis

på dugleik eller

ikkje

Den hardt prøva

vegen og funnen

for lett

trass heilhjarta prøvingar

og energisk inntak av

daud cola

og fossile elevboknotatar

 

Noter;

stratosfærisk tung

sjokoladeånde

luft mellom avsnitt

skriftstorleik og alvorleg

distanse, linjeavstand

nærleik til fjerne

tema og

land

sjangerval for festtale

til null musikk

flagget til topps

botntekst og

høgstil med tungt

nedslag

 

Hugs;

dato og namn

kritisk blikk på

"layout"

direkte omsett; utlegg

vekkasta

 

 

Prøv så

å setje prøve

på heile dagen

torsdag 27. november 2008

Uføre

Det har vore eit fole føre ein dag eller to

Retteleg eit uføre vil mange seie.

Godt og lærerikt det om ingen endar som uføre

og ein kjem seg ut or uføret før det fører i ulukka.

Betre uføre var enn etter snar.

julehandel

Det er harde tider. Seier dei.
Julehandelopplevingar på kalde Moa i fjor gav spark til følgjande tekst:

 


vinteren sin kalde sopransaksofon;

 

klangen av

krisp kulde

i kvart steg

hengande att i klaffane

på tilkneppa jakker

 

enderim

i bakruta på stasjonsvogner

 

tomgangseksos

frå munnar

utanfor

seg sjølv

 

miljøkrise i tjukke

uttapåklede

venting

på vårleg løysing

 

inhalering

frostrøyk

 

passiv tid

går

gjennom handling

 

tida til sals

kun kroner




....og snart er det på han igjen. (sukk!)
Finanskrise innimellom er nok god terapi for kollektivet.

onsdag 26. november 2008

Snø

milliardane dryssar

naturen tek spanderbuksa på

i morgon borte 

i varmare ver

krystallformene sin oppattakande

unike ulikskap

matematisk ufatteleg

flyt ut i

vassen substans

jordnær

livgjevande

nær nedbrytarane

tirsdag 25. november 2008

Utgangspunktet

Utgangspunktet er alltid trongt

Punkt er små

Sett frå utsida vert utgangspunktet eit inngangspunkt

for å gå innatt

Sett innanfrå vert det ei opning ut

 

Sjølve utgangspunktet rommar lite

men er likevel sentralt

som sentrum i eit timeglas

ein flaskehals på vegen til strie straumar

tankestraumar

og ofte til det heilt utflytande

 

Utgangspunktet er der alltid

Men lite som det er

 er det vanskeleg å få auge på

Så å leite etter utgangspunktet

er i utgangspunktet eit dårleg utgangspunkt

 

Å sjå dette

Gir ei vidare opning til innsikt

og utsikt

Eit nytt utgangspunkt

Romslegare 

sånn i utgangspunktet.