fredag 14. august 2009

Hes


For første gong sidan hesstrengen kom til gards, vart det denne sommaren ikkje sett opp hes!
Synd og skam sjølvsagt, men latskap og kinesartraktor i kombinasjon, gjorde at beitepuss opp og i mente vart løysinga. Og den som ikkje hesjar, kan til dømes klatre i midnattssol....

For nostalgien sin del, eit aldri så lite hesdikt;



raslelydane frå hagehesa

framande saharaord med sønnavinden

varme luftstraumar på leit

etter tørre struper

håse h-ar


som mørkhuda blues i

brun femtitalsradio

-hush!- hush!

-somebody`s calling your name!


luktsterke blåtonar

humlesurr

øltørste

død

og haustens får i kål


hengde på seks strengars

notelinjer


for poeten

musikaren

og alle som ikkje trur


på evergreens




Mur


Eg har støypt siste dagane.
Slikt gjer ein for å stengje noko ute eller inne, og kan sjølvsagt lukkast med det.
Eit er visst; Det er eit fole arbeid uansett, og aller mest når ein lagar mur i historie,, som til dømes i eit gammalt hus med fyllmasse rundt. (Omlag som om tannlegen skulle setje i gong med gammal karies, medan du framleis har mat i kjeften. Han ville ikkje ha likt det!)
Men mur vart det såpass at hushjørnet held i mange år enno, og katten (kattane?) er forvirra.

Generelt vil eg likevel oppmode til å rive ned murar, sjølv om ein akkurat i desse tider bør armere og fylle med betong og innebygde oljevernremedier. Eg snakkar om mental mur mot visse politiske idear her.

Vi burde filleriste og skamkjefte på eit stort Arbeiderparti og love dei stemmer under føresetnad av at dei berre sakte og roleg og med halen mellom dei skitne oljesålane sine, innstiller seg på retrett i Lofoten og Vesterålen. Skulle i enno verre fall og mot formodning Siv Jensen vinne valet kan vi like godt plombere kjellaren og flytte herifrå. For etterkomarane våre sin del.
Så finn fram betongblandaren folkens. det handlar vel strengt tatt om grunnmuren i "det norske hus"...?

Eg slengjer ved eit ferskt julibilete frå sydlege delen av det nye oljefeltet til "skitnekapitalistane"

mandag 2. mars 2009

Mars



Ein skriv mars. I fullt alvor å kalle det vårmånad er å strekkje det.... 
-men likevel!  Lyset er på veg nedetter fjellsidene!
Her eit seinfebruarbilete av Sætretindane i Ørsta, og ein vårprega tekst:

( bølgje )

 

tolvhundremeterstinden

sitt skråblikk på mørketida

 

vestvend dominans av

gullkanta blåbølgjer

bryt med kuldekonvensjonane

 

vårlyset nedanfrå som stigande foss

mot brestande krytallbindingar

i breen

 

vårlyden høgfrekvent

i det skarpe kvite

brånande

 

mellomtonen inn som elvemulling

desibel

for bel

 

det mattare lyset frå fonnene

dubba

til den lange bølgjelenga

 

eit tungt dynn

av liv

Referanse


Uri Caine. Musikalsk geni? Referanse i original kreativitet!

Goldbergvariasjonane av Johann Sebastian Bach finn ein umåteleg med variasjonar av.
Noko er referanseinnspelingar og andre er referansar til originalitet sånn generelt.
Uri Caine  har gitt ut ein fantastisk dobbeltCD på winter&winter, Denne sorterar under sistnemnde kategori  i galskap og påfunn. For meg er den i ferd med å bli referanse over alle referansar når det gjeld spenvidde og original galskap innanfor eit og samme tema. 74 spor komponert improvisasjonsmusikk med jazzpreg, som har alt frå hip hop , via electronica, til  tango, samba, salsa, funk , ulike jazzstilar og negro spirituals, forutan barokkinstrumentering og korarrangement.  Bach rubb og stubb!
Når eg skjønar alt på denne er eg langt komen i mi musikalske danningsreise....


lørdag 28. februar 2009

Kinamann


Ein liten raud Kinatraktor har eg no bede om pristilbod på. 
Jinma 254 med 25 HK skulle passe bra... 
Noko må ein no dyrke, og islam ser ut til å vente på seg....