tirsdag 6. mars 2012

crux


Vi set kryss i berget !

For flyturen for nøyaktig to år sidan.
Eit metallkryss på veg over Atlanteren...

Dagen i morgon markerar første møte med snø og is, med vinter, og krystallar i kryss.
Med besteforeldre og norske vintervegar med glatte kryss, og nedsnøa skilt blant vintergraner.
Med nysnø til haka, skiføre og framandt språk med æ og ø og å bak kryss og y og z,
Eit fenomenal kryssing bort frå det kjende for tre av oss i familien, og eit markert kryss på vegen for oss alle.

Kryss i almanakken for dagen.
Kryss for kryssing av hav og
kryssing av skjebner
Kryss i taket for at det heile har gått så bra.
Kryss ut dagar som har gått og
kryss fingrar for dagar som skal kome


I alt frå frå seglbåt til kryssord: Det er utviklande å krysse.
Kryss noko du og!

Gjerne ei grense.

Det gjer oftast godt.

søndag 4. mars 2012

Is


Isgardinene smeltar til sides og opnar for jordfargar, sjølv om vi skriv februar.
To og eit halvt år har gått sidan siste innlegg her. Bloggen har lege på is, og tre Colombianarar har i mellomtida fått møtt norsk snø, is og lært seg å hoppe på ski.
Familieauke har sett sine spor i fritidsvanane og blogginga.
Det er tyngre med tekst og tastatur når ein ofte må trykke på tastane i titida på kvelden eller seinare.

Men anten må bloggen avlivast eller gjenopplivast.
Det siste er nok best all den tid her er bilete og tankar å dele.
Så her dreg vi frå isgardina og går for ein ny vår i tekst og tøv.
Fleire bilete følgjer