lørdag 28. februar 2009

..........Snik?


snikislamist på lode bønneteppe?

No har eg etter klåre åtvaringar frå Siv halde utkikk etter islam sine misjonærar i fleire dagar.
Dei hadde rett nok dårleg ver tidleg i veka og prioriterte nok austlandet i so måte, men dei siste dagane hadde dei hatt godt trakk her på Lea om dei ville oss noko.
Problemet er at eg ikkje har sett ein einaste burka, hijab, imam, ...eller kebab om du vil, på desse traktene. Det gjeld faktisk for heile mitt førtiårige liv, og ikkje berre den siste snikislamiseringsbolken.   Men halde utkikk har eg, det skal vere visst. Kven vågar anna etter slike utspel.?

Siste dagane har det falle snø. Det er ei lette på det viset at også muslimar set spor. Men altså nei. Ikke ein sandalsåle å sjå på den uskuldsreine kvite flata!  Spor ser eg sjølvagt innimllom, men eg er 99 prosent sikker på at eg skil kattespor frå snikislamistane sine. 

Eg stokk sjølvsagt til her i formiddag då det remja gudsjammerleg utfor nova. Etter nitid korsing og sjekk av tilstanden, viste det seg å vere han Saddam gråkatt frå det meir kjende nabolaget som hadde freista omvende hokatten vår til  å snu visse kroppsdelar bort frå Mekka og alt anna heilagt. Ikkje særleg farleg slik sett. Ikkje særleg religiøst heller. Ein serie ul frå skogen i kveld var og falsk alarm. Kattugla lar seg ikkje forveksle med bøneropa frå minaretane. 

Så no veit eg ikkje. Om ikkje kattane våre har ein agenda som eg ikkje kjenner til, og om det ikkje er småskummelt å vende skituppen mot Mekka når eg skal nyte laussnøen på lesida av Roalden, har eg ei kjensle av at snikane er noko på etterskot her hos oss. Eller er eg så snikislamisert at eg ikkje ser kva som skjer meg? Eg såg ein framand bil køyre framover i forgårs....


Ingen kommentarer: