
Stor heading...? Kanskje. Det er i alle fall ein av dei dagane der ein skulle ønskje at ein kunne hoppe av karusellen. Vi har berre eit liv, og dei fleste brukar unødig med tid på andre ting medan ein drøymer om denne vågen til Olav H Hauge.... den som som ein skulle segla inn på og som ein vona men ikkje visste fannst...
Sjølvrealisering...? Blir det noko meir enn ein floskel for ei fleste?
(eksistens)
vi er den vi drøymer
men lever ein ukjend
vi undrar om vi likar
kvar gong vi får auge på han,
lurer vi på oss sjølve
i dette landskapet
vi ikkje kjenner frå
draumen
ser etter
og finn oss sjølve
i framand ham
blant framande
drøymande
om å vere
flyktar inn att
i det trygge
ukjende
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar