Det er ikkje akkurat normalen lengre å bu på småbruk i grisgrendte strok. Under snømåkinga på vinteren kan dette bli særleg påfallende. -Men alltid er der eit men;
Ein skal oppleve ein viss kulde for å vite kva varme er, ha snust litt på døden for å elske livet, ha vassa i snø for å kjenne att lukta av vår frå lyngtuene, ha smakt pietistisk bedehuskaffi for å verdsette ein espresso.
I mi røynsle har distrikta ofte både dei minst og dei mest kosmopolitisk orienterte menneska. Herlege paradoks dette!
( Koordinat )
Det lunkne
nullpunktet
er frysepunktet
der lite møtest og alt
skil lag
Ein ser det
krystallklart
frå alle stadar og alle
stjerneteikn
på minussida og under
isen sin blanke spegel
Som nedfelt unormal
skeivt fastfrosen
i ubalanse
tretti grader til venstre
for origo
veit ein mykje
som vekstkurvene ikkje
fortel
Det kan verte
eit pluss
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar