
-men likevel! Lyset er på veg nedetter fjellsidene!
Her eit seinfebruarbilete av Sætretindane i Ørsta, og ein vårprega tekst:
( bølgje )
tolvhundremeterstinden
sitt skråblikk på mørketida
vestvend dominans av
gullkanta blåbølgjer
bryt med kuldekonvensjonane
vårlyset nedanfrå som stigande foss
mot brestande krytallbindingar
i breen
vårlyden høgfrekvent
i det skarpe kvite
brånande
mellomtonen inn som elvemulling
desibel
for bel
det mattare lyset frå fonnene
dubba
til den lange bølgjelenga
eit tungt dynn
av liv
