
Ein liten raud Kinatraktor har eg no bede om pristilbod på.
Ei møkkavogn for i ulik grad fertile og illeluktande tankar frå småbrukspoetisk praksis i brattaste nordvest.


( vakum )
vindlaus vinterdag
stilla i fjellet
som vakum i tida
kva taktart har stunda
whiteout
over dampande termoskopp
notelinjefritt
tilveret sitt blankaste ark
undringa sin melodi er
rytmelaus
alt utviska

( elv )
fossen
berre ein flanør i kvit dress
han frøser
briskar seg
men frelser ikkje
tida går i sirkel
det er bakevja
som er

( lys )
den 14. januar
den flate lysstripa i skaret
mellom Rustemarkane og Kvitegga
vinteren borte ein halv time
seinhausten sitt støv
brått synleg i vindaugkarmen
varmen fram frå fargen
på veggane
muskelvarme innanfrå som kjenslerøynsle
lukta av nysaga småskog
og handssveitte i arbeidshanskane
som minnespor
motorsagd
solstrålefarga og
oreoransje
i vårdelen av hjernen
i løynd ser du etter knupp
på selja